Får lite konsekvensar for ImF
KFUK-KFUM OPNAR FOR HOMOFILE SOM LEVER I PARTNERSKAP: Det smerkar, men får lite konsekvenar for ImF som organisasjon, seier Hallaråker.FOTO: EGIL J. DANIELSEN Av Vilhelm Viksøy Vedtaket i KFUK-KFUM er gjort på bakgrunn av ein høringsrunde som vart avslutta 4. desember. Svarprosenten var på ca 50% og 17 av 21 instansar stemte ja […]
KFUK-KFUM OPNAR FOR HOMOFILE SOM LEVER I PARTNERSKAP: Det smerkar, men får lite konsekvenar for ImF som organisasjon, seier Hallaråker. |
Vedtaket i KFUK-KFUM er gjort på bakgrunn av ein høringsrunde som vart avslutta 4. desember. Svarprosenten var på ca 50% og 17 av 21 instansar stemte ja til forslaget om å opna for homofile i partnarskap på alle nivå, ein stemte imot og tre ville vente på Kykjemøtet si handsaming av saka.
Det smertar kvar gong nokon kjem ut med bibelstridig standpunkt. Særleg alvorleg er det når det skjer i eit tema som Bibelen relaterer til frelse eller fortaping, seier generalsekretær i ImF, Karl Johan Hallaråker, men trur ikkje dette vil få dei store konsekvensane for Indremisjonsforbundet som organisasjon.
Vi har på landsplan ikkje noko åndeleg samarbeid med KFUK-KFUM. Eg har også tillit til at krinsane våre og lokalplanet vil halda seg borte frå samarbeid med folk som hevdar eller praktiserer slike bibelstridige standpunkt.
Så det er andre som vil kjenne sterkare på denne utfordringa?
Ja, det blir større utfordring for organisasjonar som samarbeider med KFUK-KFUM på landsplan eller i ytre misjon. Den største utfordringa vil nok lokale kyrkjelydar i Den norske kyrkja få. KFUK-KFUM er jo svært aktive med å prøva å opptre som dei er kyrkja sitt ungdomsarbeid.
Så her må eg utfordra kyrkjelege leiarar som vil verna om bibelsk lære, til å markera seg klart imot KFUK-KFUM etter dette. Dersom nokon lagar opne kanalar for KFUK-KFUM etter dette, mister dei eigentleg eige truverde. Eg håpar inderleg at ikkje det skjer, seier Hallaråker.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!